Overgang til boks

img-048291-cmp

Som mange andre i bryggeribransjen går vi no over til å tappe ein større del av ølet vårt på boks, deriblant alle våre standardøl: Topas*, Marmor, Gull*, Kis, Grønnstein* og Granitt. Det vil seie at desse ikkje lenger vil være tilgjengelege på flaske (så snart resterande flaskeøl er solgt ut). Alle blir lansert med heilt eller delvis nye etikettar med nye fargar. Dette er ein gledeleg overgang som bringer med seg mange fordelar, både for kundane og for oss.

Ein viktig grunn til å velge aluminiumsboksar over glasflasker, er at kvaliteten på ølet held seg langt betre. Fordi ein boks er fullstendig lukka, kjem ikkje oksygenet frå omgjevnadene i kontakt med innhaldet. Det gjer heller ikkje lyset, som er ein annan viktig påverkande faktor. Aluminium gir raskare nedkjøling av innhaldet, knusar ikkje som flasker, er lette å pante og langt mindre plasskrevande.

Nokre av våre øl, deriblant Kråkesølv Alkoholfri og Hubro Brown Ale, vil inntil vidare fortsatt tappast på flaske.

* Foreløpig tappa på flaske, kjem etterkvart på boks. Øvrige standardøl er tilgjengelege på boks.

Related Posts