![img_0018592-c](https://enliten.no/wp-content/uploads/2021/09/img_0018592-c-thegem-blog-default.jpg)
Vi lanserte nyleg Dreaming Skyline (4,7 %), ein frisk og fruktig blonde ale med flott kvitt skum. Denne er no tilgjengeleg over heile landet i ølutsalga til Gulating, i enkelte lokale daglegvarebutikkar og i bryggeriutsalget på Kråko.
To nye sterkøl er også levert til vinmonopol over heile landet: Distorted Gravity (8,0 %), ein kremete og smaksrik NEIPA, og Crimson Nebula (7,0 %), eit lyst og fruktig surøl med dobbel mengde tilsett bær. Du kan enkelt sjekke om desse er tilgjengelege i ditt lokale Vinmonopol. Gå til vinmonopolet.no, søk etter produktet og klikk «Vis butikker med varen på lager».