Nytt bokstapperi

tm-gunnison

ELØ er glade for det nye bokstapperiet, Twin Monkeys Gunnison, som me får tilgang til gjennom vårt samarbeid med Heidrun Tapperi. Med det nye tapperiet kan me trappe opp produksjonen av boksøl, som er svært nyttig ettersom me gradvis går over fra flasker til boks.

Det heilautomatiske og mindre bemanningskrevande tapperiet tar unna mellom 30 og 35 boksar i minuttet, som vil seie at tappekapasiteten blir meir enn dobla. Systemet automatiserer CO2-spyling, fylling, falsing, avskylling og datomerking. Eit tilhøyrande avpalleteringsbord automatiserer i tillegg innmating av boksar. Det forrige tapperiet, Wild Goose Gosling, hadde til samanlikning ein kapasitet på cirka 8-10 boksar i minuttet.

Related Posts