Påskeøl fra Fitjar til Geilo

FITJAR: Dr. Holms Hotel på Geilo fyller 110 år i år, og i den anledning har dei bestilt jubileumsølet sitt frå En Liten Øl (ELØ) på Fitjar. Ein fullasta bil nådde Geilo med påskeølet denne veka. Jubileumsølet er ein klassisk tsjekkisk pilsner med noko lågare bitterheit enn tradisjonelt pilsnerøl. En Liten Øl framhevar den gode vasskvaliteten i Sunnhordland som unik for å bryggja godt øl. ELØ nyttar nemleg vatn direkte frå Svartavatnet i Fitjar til sine øl. – Me set stor pris på at velrenommerte Dr. Holms Hotel på Geilo har valt ELØ til å bryggja jubileumsølet sitt, seier bryggjerimeister Øystein Huus i ei pressemelding. Leveransen er ei utviding av samarbeidet ELØ har med andre destinasjonar, som Solstrand Hotel, Bekkjarvik Gjestgiveri, Stord Hotell og Haaheim Gaard